13. mar, 2016

Ut på tur for å "riste av" dagen i går - løfte blikket og sjå fram og opp!

Når eg stod opp i dag, tok eg eit valg. Eg tok eit valg om at dagen i går skulle opp i "sekken" som er merka "Dårlig dag" - rett oppi med den og snør godt igjen!👍Ferdig med den dagen!

Og for å få litt hjelp med å "riste den av meg" ---> Ut på tur!👍

Ein forfriskande regnvèrstur med musikk på øyra. Første del av turen i raskt tempo. Så litt rolegare, for å sjå på naturen og finne motiv å fotografere.🙂

Til dykk som syns at det er eit tiltak og eit ork å komme seg ut på tur på regnvèrsdagar; eg veit akkurat korleis det er. Eg har også vore der. Men som eg har skrive om før, så er det mulig å lære seg til å like å vere ute også på dagar med dårleg vèr. Det er det eg har gjort.😉 Dersom de er villige til å kjempe dykk gjennom nokre turar i irritasjon og kjensle av at det er ei plikt og eit ork, så er eg sikker på at de etterkvart vil komme dit at de opplever det som forfriskande og godt å gå tur i regnet. Slik som meg.🙂 Og som eg også har skrive før: når det var mulig for meg å komme dit, så er det mulig for alle.🙂