11. mar, 2016

Ein god dag. Ta i mot den og bruk den!

Å våkne ein fredag morgon og kjenne at ein er glad - ingen spesiell grunn til det - ein kjenner berre at ein er glad - glad for å vere til - glad i livet. Det er rett og slett livsglede! Det er fint, det! Ein flott start på dagen!

Livets veg går opp og ned. Slik er det, for oss alle. Eg trur ikkje på at det finnes menneske som alltid er glade. Mange av oss kan ta på smilet utad. Det kan vere nødvendig i ein del samanhengar - å ta på smilet og opptre høflig. Av og til må me det, sjølv om me ikkje føler for det. Men det er også lov å ha dårlige dagar. Det er lov å vise at livet ikkje alltid er så lett. Livets veg går ikkje berre rett fram for nokon av oss.

Livets veg går opp og ned. Nettopp difor er det så viktig å setje pris på dei gode dagane. Det er viktig å tillate seg å nyte dei dagane der ein kjenner seg glad! Berre vere "her og no", akkurat i dag. Akkurat i dag er ein dag som er farga av livsglede. Ta i mot den og bruk den, for alt den er verdt! Smiler stortLiker