8. mar, 2016

To steg fram og eitt steg tilbake.

To steg fram og eitt steg tilbake. Eit kjend uttrykk. Me brukar det gjerne når me skal ta oss gjennom ei utfordring som ikkje gjekk så lett som me hadde håpa? Me fekk det ikkje heilt til, og får kjensle av at me må starte om igjen? Me blir skuffa, frustrerte og kanskje også sinte, fordi me opplever at det arbeidet me har gjort har vore heilt bortkasta? Men...har det det? Har det vore heilt bortkasta?

To steg fram og eitt steg tilbake. Eitt steg tilbake, ikkje to. Altså; me er ikkje heilt tilbake til startpunktet. Me har framleis med oss den framgangen som ligg i det første steget. Sant..? Og me kan ta med oss lærdom av det eine tilbakesteget.

To steg fram og eitt steg tilbake er jo uansett eitt steg fram. Me er i rørsle - framover! Det er viktig å halde fast på det! Det er berre eitt tilbakesteg. Det er ikkje alle stega heile vegen tilbake til start.

Eg veit veldig godt at eit slikt tilbakesteg kan opplevast så skuffande at kjensler av å mislykkast, kjensler av bortkasta tid og innsats, kan bli så overveldande at ein får lyst til å gje opp. Men så har eg gjennom både veiledning og eigeninnsats lært noko om korleis ta meir kontroll over dei overveldande kjenslene. Eg har skrive mange gongar om ein teknikk som er enkel i seg sjølv, men som krever trening og gjentaking for at den skal fungere:

STOPP! Stopp tankane dine, stopp deg sjølv. Denne teknikken kan fungere på fleire måtar. I alle fall gjer den det for meg, etter gjentaking og bevisst trening.

Det eine er å rett og slett bestemme seg for å STOPPE dei negative tankane! "Stopp! Ikkje tenk meir på det!" Eg kan velge å stoppe dei, og finne noko anna å tenke på. Noko som ikkje er negativt og drar meg ned.

Det andre er å STOPPE opp litt, og ta ein liten time-out. "STOPP litt no! Kva er det eigentleg som skjer i tankane mine? Er det faktisk tilfelle, det som eg no seier til meg sjølv?" Ein slik liten time-out kan vere nok til å samle seg og endre fokus, slik at det er mogleg å faktisk sjå at det er jo berre eitt tilbakesteg! Det er berre eitt tilbakesteg, og eg er fortsatt på veg framover med alt det eg allereie har tatt med meg undervegs!

Det er jo ganske genialt, i all sin enkelhet: STOPP! 

Men, som med så mykje anna, det krever trening. Trening og gjentaking. Nokre vil ha behov for lang treningsperiode for å mestre denne teknikken, medan andre treng mindre tid. Me er jo ulike. 🙂