4. mar, 2016

Svingningar og kontrastar.

Det er nesten litt merkelig å tenke på (og ikkje minst; føle) kor stor forskjell det har vore på denne veka og forrige veke..... I forrige veke var eg veldig dårlig med influensa og lungebetennelse, noko som også påvirka den psykiske helsa mi og gjorde at eg "gjekk heilt i kjellaren." Heldigvis finnes det eit godt hjelpeapparat som kan vere til støtte i slike situasjonar. Eg er veldig takknemlig for å ha mulighet til å ta kontakt og få litt hjelp og støtte til å "koble meg på" igjen når eg har det tungt og vanskeleg.

Denne veka har eg vore "på" igjen og hatt det fint i det som er kvardagslivet mitt no for tida. Fine og kjekke dagar på kurs, og engasjement i frivillig lagsarbeid.

Om eg skal rangere desse to vekene på ein skala frå 1 - 10, vil eg seie at i forrige veke var eg nok nede på 4, medan eg denne veka har vore oppe på 10! 👍 Store svingningar. Det er ikkje alltid så lett å forholde seg til store kontrastar i "opp-og-ned".... Eg veit veldig godt at slik er det berre. Det er slik det er å vere meg. Det er det som er meg. Det veit eg veldig godt. Men likevel så kan kjensler og tankar av og til rote seg veldig til og få dimensjonar som blir for mykje for meg å håndtere åleine. Men eg går framover på vegen min. Eg snubler av og til og ramler. Eg møter av og til hinder. Nokre gongar når eg snubler og ramler, treng eg nokon å støtte meg til for å kunne reise meg og gå vidare. Nokre gongar når eg møter hinder, treng eg nokon som kan "pushe" meg og motivere meg slik at eg kjem meg over. Og det er greit. Alle kan ha behov for hjelp i blant.  Andre gongar har eg nok styrke og motivasjon til at eg kan reise meg opp sjølv og fortsetje turen framover på vegen min. Eg har styrke, trygghet og tru nok på meg sjølv til at eg kan komme meg over hinder som kjem i vegen for meg. Det er fint. Det er fint å mestre og greie seg sjølv. Men det er også lov å føle seg nede og svak av og til, og be om hjelp.