29. feb, 2016

Dersom du aldri prøver, får du aldri vite.

- "Jeg er så redd for å mislykkes at jeg ikke engang tør å prøve."
- "Vet du hva du gjør når du ikke engang prøver? Du mislykkes."

Har du nokon gong tenkt på det på den måten?

Når me velger å unnvike ting fordi me har ei negativ forestilling om korleis det kan bli, lurer me oss sjølv til å tru at me har spart oss sjølv for ei kjenslemessig belastning. Og den umiddelbare kjensla etter å ha tatt valget om å unnvike, er lettelse. Men.....Kva så? Kva skjer når den umiddelbare kjensla av lettelse blir borte? (den kjensla varer aldri lenge, det kan eg love deg at den ikkje gjerVinker) Ja, kva skjer då?

Det som skjer, er at ein begynner å snakke nedsetjande til seg sjølv i tankane sine. Ein kan liste opp mange, mange sjølvkritiske punkt og poengterer og slår fast kva for ein håplaus og mislykka person ein er, som ikkje "greier det eingong"....Fordi innerst inne veit ein at usikkerheten og angsten ein kjenner på, i hovedsak er bygd opp på ei forestilling om det ein unnviker. Me kan jo umulig vite korleis noko blir før me faktisk er der, i situasjonen. Men med tankar og god fantasi, evner me å spå inn i framtida (trur me) og når fantasien vår lagar ei aldeles frykteleg forestilling om kor vanskeleg den situasjonen vil bli for oss, så tar me valget om å unnvike.

Unnvikelseslogikk = om eg unngår å oppsøke situasjonen, så slepp eg i allefall å mislykkast.

At slikt skjer for dei fleste ein og anna gong, er ikkje nødvendigvis det heilt store problemet. MEN! - når dette blir eit mønster i livet, når ein unngår og unnviker det meste av situasjonar der ein møter andre mennesker, då blir det problematisk. For mange ender det til slutt opp med at ein isolerer seg og blir veldig åleine og einsam med tankane, fantasiane og forestillingane sine. Det er lett for å faktisk miste litt grepet om det som skjer "der ute i den verkelege verda". Og det - det kan vel ikkje akkurat seiast å vere vellykka? I allefall ikkje dersom ein kjenner på innsida at det føles tomt og trist. Det finnes kanskje dei som syns det er greit å leve i ein eremitt-tilværelse, men min påstand er at det er ytterst få som velger det fordi dei faktisk VIL.

"Jeg er så redd for å mislykkes at jeg ikke engang tør å prøve"....

Er det verdt det? Er det verdt å spare seg for den usikkerheten og angsten? Får det oss til å føle oss vellykka? Eller, i det lange løp, får det oss til å føle oss mislykka?

Kanskje det er verdt å ta sjansen? Ta sjansen på å oppsøke og gå inn i ein situasjon? Ta sjansen på at "ja, kanskje eg dummer meg meg ut og gjer noko på feil måte, og kjem til å føle meg heilt forferdelig"... Sjansen for det er til stede. Men det er også ein ganske så stor sjanse for at det går mykje betre enn det fantasien vår har spådd om på forhånd. Og skulle det (mot formodning) gå nesten så ille som ein trudde, så er det jo ei læring i det òg, ikkje sant? Og dersom ein kan seie til seg sjølv at "eg prøvde, det gjekk ikkje heilt bra, men eg har lært noko", då har ein i allefall ikkje mislykkast! Og dersom det går mykje betre enn ein trudde, vil ein kjenne på mestring - "dette greidde eg jo!" Og det kan bli lettare neste gong ein møter ei utfordring. Mestring gir motivasjon. Motivasjon gir ønske om å oppnå enno meir, og ein tør å "pushe" grensene sine. Men for å mestre, me faktisk prøve. Me må fysisk og heilt konkret gjere ei handling og gå inn i det som me kjenner angst og usikkerhet for.

Det er ikkje lett. Det er langt i frå lett dersom ein har levd lenge etter unnvikelseslogikken.... VinkerDet vil ta tid, det vil vere krevande. Men sjansen er veldig, veldig stor for at ein vil få så mange gode opplevingar ut av det, at ein vil bli eit sterkare menneske med meir livsglede.Kul

"If you never try, you'll never know, just how much you're worth." (Coldplay)