22. feb, 2016

Hinder på vegen

Å gå i medvind, på ein veg som er rett og fin og lett å gå. Det er fint å oppleve. Ein føler seg lett og glad og håpefull. Men så...kjem ein til eit hinder. Eit hinder i vegen. Då er det lett for at ein kjenner litt på oppgitthet, og at pågangsmotet blir svekka. Ein kan tenke: "Kvifor no igjen? No gjekk det jo så fint!" Ein kan få lyst til å gi seg på tap. Sette seg ned, kanskje til og med snu og gå tilbake.

"STOPP! Ikkje la desse tankane få plass! Det er jo berre eit hinder! Vegen min går vidare når eg kjem over det!"

Det er jo sånn det er. Det er jo sånn det er å leve. På livets veg går det ikkje berre rett fram. Me møter motbakkar, me møter nedoverbakkar, me går i motvind og me går i medvind. Me møter hinder, men det er ikkje slutten på vegen. Det er eit hinder som me kan komme oss over. Av og til treng me gjerne at nokon hjelper oss med motivasjonen, strekker ut ei hand og går med oss over hinderet. Og når me er over, vil me sjå at vegen vår er der og me kan fortsette framover.🙂