19. feb, 2016

Psykisk helse. Skam og tabu framleis, i året 2016......

Eg tenker litt på, kvifor det framleis, i året 2016, er knytta skam og tabu til det å ha psykiske helseutfordringar. Kvifor er det framleis så mange menneske som uttaler seg på ein fordømmande måte om psykiske lidingar? Kvifor er det så mange som faktisk ikkje har noko som helst kunnskap om psyken, om psykisk helse, om psykiske helseutfordringar og om psykiske lidingar? Alle har ei psykisk helse. Å ha ei psykisk helse er ein del av det å vere menneske. Det er i psyken vår at kjenslene våre er. Alle har kjensler. (håpar eg....) Kvifor er det så mange menneske som ikkje vil ta til seg av all den kunnskapen og brukarerfaringen som finnes i det psykiske helsefeltet? Kan det vere at det finnes menneske som snakkar fordømmande og nedsetjande om temaet psykisk helse fordi dei er redde...? Er dei redde for å bli kjent med si egen psykiske helse...? Eg berre spør, eg. Angrep er beste forsvar?

Det er mange unge som opplever å slite psykisk. Årsakene til det er nok sammensette. Men når unge menneske som har det vondt psykisk, er vitne til at det blant vaksne menneske er tabu og skam knytta til det å slite med psyken, så er det vel ikkje så rart at dei ikkje tør å vere opne om det? 

Kva er det eigentleg som skal til for å få til meir openheit rundt psykiske helseutfordringar? "Det må ein holdningsendring til." Den klassiske setningen (på mange områder i samfunnet). Ja. Det må ein holdningsendring til. Men kor lenge har me snakka om det då? Kor mange år har me halde på med å seie det, utan å ha komme så veldig mykje lenger? Og kor mange nye år skal me bruke på å seie at "det må ein holdningsendring til", utan å faktisk gjere noko meir handfast for å få dette til?

Mitt første møte med psykiatrien, som pasient (eller brukar som det heiter no) var for 20 år sidan. Eg kom inn i dette systemet i 1996, i ein alder av 28 år. Og rett skal vere rett - det har jo gått litt på fram med kunnskap og openheit i det psykiske helsefeltet i desse åra.

Men det skremmer meg at eg stadig kan lese dødsannonser, der det står at <navn> valgte å forlate oss'.... Og at dette handler om menneske som knapt nok har starta på vaksenlivet. Det skal ikkje vere slik. Desse unge vaksne som sliter og har det vondt psykisk skal bli ivaretatt og få hjelp. Dei skal kunne få lov til å setje ord på og vere opne om sine lidingar utan å vere redde for stigmatisering og folkesnakk. Og det skal vere vaksne menneske der som møter dei, tar dei på alvor, ivaretar dei og hjelper dei. Dei skal kunne få eit OK liv, på sin måte med sine lidingar. Dei skal sleppe å måtte komme dit at dei "velger å forlate oss"....

Me som er vaksne må tenke litt på korleis me opptrer og korleis me omtalar alt det som ligg innanfor det psykiske helsefeltet. Det er vårt ansvar å lage rom og raushet nok til at unge menneske tør å seie at dei har det vanskeleg psykisk, og at dei tør å be om hjelp.

Eg avsluttar med ein liten "artig sak" frå eige liv; Mange av oss har slengt ut morsomme kommentarar når ein køyrer forbi Sandviken sjukehus 😉 Då eg var barn/ung, var den klassiske kommentaren: "du har glømt å lukka att vinduet til rommet ditt" som alltid var like morosam når me passerte sjukehuset. Og ein del år seinare ville livet det slik, at eg faktisk "fekk" meg eit rom på Sandviken sjukehus.😉

Kanskje me som er vaksne skal passe på at me ikkje blir altfor morosame rundt temaet psykisk helse og psykiske lidingar? Det kan (i verste fall) lage så store sår i eit ungt menneske, at dette unge mennesket "velger å forlate oss".