16. feb, 2016
Fem små ord. Så lite som skal til.
Ein kort telefonsamtale... med eit medmenneske... på ein dag der formen er ganske så redusert. Ein kort telefonsamtale, som blir avslutta med at eg får høyre fem små ord: "Ta vare på deg sjølv!" Det er fint. Det gjer godt.
Fem små ord frå eit medmenneske. Så lite og med så god verknad. Så lite og med så stor betydning...for meg, akkurat i dag. Takk 🙂