16. feb, 2016

Somatisk sjukdom, når kroppen bestemmer.

Eg har lang erfaring med å håndtere psykiske helseutfordringar. Eg har metodar eg kan bruke for å takle det og komme meg gjennom det. Av og til treng eg litt hjelp til, andre gongar greier eg å håndtere det på egen hånd.

Når det kjem til somatisk sjukdom, har eg mindre erfaring. Heldigvis er det sjelden eg får desse mest vanlege somatiske sjukdomane, desse som gjerne vert omtala som "noko som går". Men no har eg visst havna i den kategorien 😉Og eg konstaterer at eg ikkje er så god på å takle det. Dei psykiske helseutfordringane er på sett og vis lettare å håndtere, fordi det då er mulig å bruke det kognitive som "våpen" og eg kan sjølv velge om og korleis eg vil bruke det.

Men når sjukdom sit seg i kroppen på ein fysisk/somatisk måte, blir det gjerne slik at det er kroppen som bestemmer. Det kjem ofte til eit punkt der den rett og slett ikkje greier å fungere som normalt. Den krever ro og kvile. Uansett kor mykje ein ønskjer å finne avledning og få fokus vekk frå plagene, så lar det seg ikkje gjere. Kroppen bestemmer. Den vil ikkje. Ein kan ikkje gjere så mykje anna enn å akseptere det.

Men sjølv om det ikkje er mulig å ta heilt kontroll over slik sjukdom gjennom kognitive teknikkar, så kan ein bruke det likevel. På ein litt anna måte. Ein kan bruke tankane sine til å akseptere situasjonen, slå seg til ro med at slik er det no. For mange er det slik at når somatisk sjukdom gjer at kroppen ikkje vil fungere som normalt, skaper det frustrasjon og utålmodighet fordi det grip inn i kvardagen på ein måte som absolutt ikkje passar.

Av og til må me berre akseptere at det oppstår noko som ikkje lar seg styre, og at det grip inn i kvardagen vår på ein måte som me helst ville vore foruten....!

Så; God betring til meg sjølv😉og til alle andre som i desse tider sliter med *heilt-vanlege-noko-som-går-sjukdommar* 🙂👍