12. feb, 2016

Så fryktelig sliten. Men det er heilt naturlig og normalt på ein fredag.

Fredag ettermiddag, og eg er veldig, veldig sliten. Eg har lagt bak meg ei veke som etter min målestokk har vore krevande. Det har vore krevande fordi eg har gått frå å over ein lang periode ikkje ha faste aktivitetar og rammer for dagane mine, til å ha fast aktivitet å møte opp til kvar einaste vekedag. Så eg kjenner jo at denne overgangen tek mykje krefter. Men det er etter eige ønskje, og det er eit ledd i det å kunne finne vegen inn igjen til arbeidslivet. Å delta i arbeidslivet handler jo om å kunne forplikte seg og møte opp innanfor faste rammer. Eg har i lang tid vore i ein situasjon der eg har styrt tempo og prioritert kva og korleis eg brukar og disponerer kreftene mine. Men det fungerer ikkje i arbeidslivet. Tenk om alle skulle gjere det!😉*Kaos*😲 Eg ønskjer å komme i jobb igjen, og difor må eg også teste ut og gjere det som skal til for å nå det målet. 

Fredag ettermiddag, og eg er veldig, veldig sliten. Men...det er jo slik det skal vere. Når fredagen kjem, skal det vere slik at ein kjenner seg trøtt og sliten etter å ha gjort ein god innsats gjennom veka.

Veldig, veldig sliten...men motivert. Helg, fri og mulighet til å disponere tida mi til mitt eige beste, og så skal eg vere klar til å møte mandagen og ei ny veke, og gå vidare framover på vegen mot deltaking i arbeidslivet igjen.

God helg🙂