11. feb, 2016

Janteloven..? Kvifor det?

I dag slår eg eit slag for anti-janteloven, fordi eg sjølv til ein viss grad har komme til eit punkt i livet mitt der eg bryr meg mindre om kva andre måtte tenke og synes om meg og mine livsvalg. 😉

Eg kan tenke at så lenge mine valg og det eg gjer ikkje går ut over andre på ein negativ måte, så har eg rett til å leve mitt liv på min måte.🙂 Eg veit jo at "folk snakkar" som det heiter. Men eg prøver å snu litt på det og tenke med meg sjølv at det er jo fint dersom folk vil bruke tid og energi på å fokusere på MEG. Kanskje det betyr at mitt liv er meir spanande og interessant enn deira eige liv?😉Så igjen; det handler eigentleg om kva eg sjølv velger å fokusere på, korleis eg sjølv velger å vinkle livet - i både smått og stort. 

Ha ein fin dag!🤩