10. feb, 2016

Det er OK å ikkje alltid tenke positivt, så lenge eg ikkje gir opp.

For nokre dagar sidan skreiv eg eit innlegg om at eg sjølv kan velge korleis dagen min skal bli. Eg kan velge om eg med ein dårlig start på dagen skal godta den automatiske tanken som fastslår at "dette blir ein dårlig dag". Eller eg kan velge vekk den tanken og fokusere på ein positiv tanke. Slik er det. Eg har faktisk eit valg. Det er ikkje nødvendigvis så lett som det høyres ut. Nokre dagar kan det vere lett. Andre dagar kan det vere vanskeleg. Nokre dagar krever det meir av meg å få det til. 

Så er det også slik, at dersom ein må jobbe veldig med seg sjølv for å få det til over lange perioder, blir ein sliten. Dersom ein har oppleving av at ein heile tida må bruke veldig mykje energi for å få det til, kan det tappe ein veldig for krefter. Å tenke positivt kan vere fryktelig slitsomt.😉Det kan bli så slitsomt at det virkar mot sin hensikt, at ein bruker så mykje energi på det at ein går fullstendig tom for krefter. Og når ein blir for sliten mentalt, kan det påvirke sinnsstemningen i negativ retning. Ein blir nedtemt, trist, deprimert.

Difor syns eg at av og til er det heilt greitt å la positiv tenking berre vere! Av og til er det å akseptere at no er det tungt og vanskelig, heilt greitt. Faktisk, så kan det av og til vere nødvendig å akseptere det, slik at ein ikkje slit seg fullstendig ut på å "måtte" tenke positivt. Me må gje oss sjølv lov til å ta ein pust i bakken. Me må gje oss sjølv lov til å akseptere at det av og til blir for krevande å fokusere på det positive. Det er lov å ha dårlige dagar. Å akseptere tunge, dårlige dagar og gje seg sjølv lov til å vere i det, betyr ikkje nødvendigvis at me vil gje opp. Det betyr at akkurat no har eg ikkje nok krefter til å fokusere på det positive. Eg syns at det må vere heilt i orden å berre få vere i det tunge av og til, så lenge det ikkje betyr at ein gir opp! 🙂