7. feb, 2016

Stopp! Ikkje tenk! Aksepter det!

Eg har veldig lyst til å komme meg ut og gå tur i dag. Men infeksjon i bihuler og kraftig antibiotikakur gjer at eg knapt nok greier å bevege meg innandørs. I går trossa eg dette, og gjekk ein liten tur i skogen. Det var kanskje ikkje så lurt, då eg i dag kjenner meg dårlegare enn før turen i går....

Men det seier jo ein god del om mental endring i mitt forhold til å vere i fysisk aktivitet. Me skal ikkje så veldig langt tilbake i tid, der eg ikkje ein gong hadde tenkt tanken på å gå på tur med så redusert fysisk form som eg har no på grunn av infeksjon og antibiotika i kroppen.

Eg sit her og ser for meg fleire av turløypene som eg brukar å gå i, og har eigentleg lyst til å presse kroppen min med på tur. Men samtidig vil eg jo bli frisk frå infeksjonen òg, slik at eg har energi og overskudd til det kurset eg har begynt på.

Rart... tankane surrer, og drar i kvar sin retning. Men denne gongen handler det meir om å halde igjen til mitt eige beste på litt lengre sikt. Vanlegvis når tankane mine jobbar på den måten, handler det om å motivere meg sjølv og legge litt press på meg sjølv for å utføre ei handling som eg ikkje har så lyst til eller som eg opplever vanskeleg og utfordrande.... "Stopp! Ikkje tenk meir! Berre gjer det!"

No må eg snu det heilt om, på ein måte...."Stopp! Ikkje tenk meir på tur! Aksepter at kroppen treng ro for å bli frisk!"

Rart... og ei ny oppleving for meg å bruke Stopp-teknikken på den måten. Eg kan bruke den for å greie å akseptere noko. Kul