6. feb, 2016

EG kan velge korleis dagen min skal bli.

Å våkne opp om morgonen, kjenne på tungsinn. Kjenne nedstemthet, tristhet - inni seg. Ingen spesiell grunn til det. I allefall ikkje noko konkret som ein er bevisst på - her og no. Og då er tanken der med èin gong, heilt automatisk: "Dette blir ein dårleg dag!"

Nokon som har lagt merke til det? Kjenner seg igjen?

Det gjer eg. Dette kjenner eg meg igjen i. 😉Eg kan gjere akkurat slik - la den automatiske tanken få fastslå noko og berre godta at slik er det. Men så veit eg også at eg faktisk kan velge vekk den automatiske tanken. Eg kan velge å ta fram ein betre tanke. Ein tanke som er oppbyggjande. Ein tanke som gjer at eg ikkje berre passivt godtar "Dette blir ein dårleg dag!"

Dette veit eg, fordi eg har lært meg det. Eg veit det, fordi eg har øvd meg på å gjere det...igjen og igjen og igjen. Eg veit det, fordi etter å ha øvd meg på det har eg lært meg det, og eg har fått erfaringar på at det lar seg gjere. EG kan faktisk VELGE: 

1. Vil eg ha den automatiske negative tanken i hodet og gje meg sjølv ein dårleg dag?

2. Vil eg leite fram ein alternativ og positiv tanke og med det gje meg sjølv muligheten til å få ein OK dag?

Det er mitt valg. Og eg har fått erfaring på at om eg velger alternativ nr.2, så vil det genere enno ein positiv tanke, og så enno ein, og "plutselig" ser dagen som ligg framover meg mykje betre ut.👍