3. feb, 2016

Det er lov å ha draumar, men ikkje gløym å leve livet her og no.

 

Det er lov å ha draumar. Det er lov å drøyme om fine, gode, positive ting. Det er lov å ønskje noko heilt anna enn det ein har her og no. Av og til kan det vere godt å ha draumar som tek ein litt vekk frå kvardagen. MEN...den største delen av livet består jo av kvardagar. Det er i kvardagen me lever. Det er i kvardagen me tar små (og av og til litt større) valg som får dagane til å gå rundt. Det er dei valgene me tek i kvardagen, dag for dag, som får livet til å vere i bevegelse. Det er det som gjer at livet går framover.

Det er lov å drøyme. Det kan vere fint å ha draumar. Men om draumane våre blir urealistisk store og tek for stor plass i oss, då kan me miste kvardagen av synet. Dei store draumane kan gjere at me ikkje ser kvardagen lenger. Me gløymer å leve i kvardagen. Det finst mykje fint og godt i kvardagen også. Kvardagen har mange gleder, både små og store. Men me må vere open for å legge merke til dei. Kvardagsglede. Den må me ikkje undervurdere. Den må me ta til oss og setje pris på. Den største delen av livene våre består jo av kvardagar.

Det er lov å drøyme. Det er lov å ha draumar. Men ikkje la dei bli så urealistisk store at du gløymer å leve livet ditt, her og no.🙂