31. jan, 2016

Å vere i endring kan vere ei ambivalent oppleving.

Endringar kan vere både godt og vondt. Å vere i ei personleg endring kan vere ei ambivalent oppleving.

Å vere i ei positiv personleg endring føles bra. Det føles bra å oppleve ny mestring. Det føles bra å vere meir trygg på seg sjølv og den ein er. Det føles bra å oppleve at målet der framme er innanfor rekkevidde.

Men å vere i ei positiv personleg endring kan også gje kjensle av angst. Å føle at ein er på rett veg, kan gje kjensle av angst. Dersom ein har mange erfaringar på kor lett det er er å gå seg vill på vegen, miste retningen, og plutselig er på veg tilbake der ein allereie har gått så mange gongar før, då kan ein bli engstelig for at det skal skje igjen. Og dersom denne angsten får vekse seg stor nok, kan ein bli handlingslamma. Angsten kan få så godt tak at ein ikkje greier å bevege seg framover på vegen. Det vil vere lettare å berre sette seg ned i grøftekanten og gi opp.

Men alle erfaringar med tilbakesteg, kan også gje styrke. Sjølv om det er mange tilbakesteg som ser og føles heilt like ut kvar einaste gong, så er dei ikkje det. Fordi kvar gong ein opplever nokre tilbakesteg, så har ein faktisk vore lenger framme på vegen enn tidlegare, før tilbakestega kjem. Ein har sett nytt landskap, ein har sett at ein er nærmare målet, ein har opplevd mestring og kjent på håpet. Og dersom ein greier å bestemme seg for å fokusere på det som var fint før tilbakestega kom, og tenke på at det kan vere så mykje meir fint på neste vegstrekning, så kan ein finne ny styrke til å reise seg og gå igjen. Av og til kan det vere slik at ein treng litt drahjelp, nokon som kan rekke ut ei hand og gå med eit stykke på vegen, til ein kjenner at ein har fått tilbake styrke og trygghet nok til å gå vegen sin på egenhånd igjen. Å ha følge på vegen er fint, men så er det slik at på enkelte av livets vegstrekningar må ein ta seg fram åleine dersom ein skal bli trygg og sterk nok til å gå framover mot nye landskap. 🙂 Og så er det også slik at kvar gong ein opplever tilbakesteg, men bestemmer seg for å reise seg og fortsetje turen, så vil ein komme fortare og lettare over den strekningen som ein allereie har gått så mange gongar før. Der er det ikkje noko nytt å oppleve. Ein vil berre komme seg forbi den og gå vidare mot nye opplevingar. 🙂