25. jan, 2016

Topp motivert, men hugs å ta det steg for steg likevel.

Informasjonssamtale for kurs i dag. Og det ser ut som at dette vil bli bra. Motivasjonen min er i allefall på plass!👍Men.... klok av skade, som det heiter; eg har inngått ein avtale med meg sjølv om at eg skal ta det steg for steg, og bruke den tida eg har på å byggje meg opp igjen. Det er så lett for å bli veldig ivrig og få i overkant stort pågangsmot når motivasjonen er sterk, for så å gå på den velkjende "smellen"....

Eg er heilt sikker på at mange kan kjenne seg igjen i det. Når ein har tatt ei avgjerd om å gjere ei livsendring og kjenner seg klar for det, blir ein ofte veldig ivrig og kanskje litt utålmodig etter å nå målet sitt. Ein VIL så veldig, liksom. Det har eg opplevd, og meir enn èin gong, for å seie det slik.🤨 

Ting Tar Tid. Det har eg etterkvart akseptert. For det Tar Tid å akseptere at Ting Tar Tid også.....🤔Beklager om nokon no blir veldig skuffa, men slik er det. 

Men no er det også slik at dette er individuelt. Nokre treng lang tid på modningsprosessar mot endring, andre treng litt mindre tid. Eg er ein av dei som har hatt behov for lang tid. Så ikkje mist motet av å lese om min personlege erfaring om tid til modning.😉 Snarare tvert i mot. Og med det meiner eg at når EG har greidd å komme meg så langt framover på min veg i livet, så kan alle greie å gjere framsteg på sin veg. På sin måte og i sitt tempo!

Men det krever bl.a. at ein er villig til å akseptere at vegen ikkje vil gå berre rett fram. Og dersom ein veljer å ta snarvegar, er det ein risiko for at ein faktisk mister sikten og retningen mot det målet ein vil nå. 

Men tilbake til meg. Altså: klok av skade; denne gongen skal eg ta det steg for steg, og bruke den tida eg har på ein fornuftig og nyttig måte. Eg ser no at det er nødvendig, dersom eg vil ha eit bra mestringsresultat på lang sikt. Og det vil eg jo🙂.... sjølv om eg nesten "bobler over" av motivasjon og pågangsmot akkurat no i startfasen.😉

"Ting Tar Tid, Wenche. Og det er greitt!"😉🙂