22. jan, 2016

Det er fint med forskjell på kvardag og helg.

Fredagskveld, helg og mange ser fram til to dagar fri. Eg, for min del, ser fram til at denne helga er over.😉Mandag 25. januar er oppstartsdato for eit kurs som eg skal få delta på. Eit kurs som har som mål å hjelpe meg tilbake til arbeidslivet. Eg er takknemlig for å få denne muligheten. Å få delta på eit slikt kurs vil også skape meir faste rammer på dagane mine, og eg får meir oppleving av at det er forskjell på kvardag og helg. Det har vore ein lang periode no utan denne type faste rammer i livet mitt - ein altfor lang periode.....

Eg er motivert til dette!👍Det eg veit om innhaldet i kurset på førehand, virkar lovande. Eg har tru på at det vil vere nyttig for meg.🙂Eg har tru på at det vil hjelpe meg på vegen med å byggje meg sjølv opp igjen til å kunne komme tilbake i jobb, i ein deltidsstilling.

Eg ser fram til at denne helga er over, fordi det etterkvart kan bety at eg også vil setje pris på laurdagar og søndagar som fridagar. Og eg tenker på kor fint det vil bli å synke ned i go'stolen på fredagskveldane, og kjenne meg tilfreds med den innsatsen eg har gjort gjennom vekedagane.

Eg er motivert, eg har tru på dette, og eg skal gjere så godt eg berre kan for å få all mulig nytte av kurset. Eg er takknemlig og glad for å få denne muligheten, og eg skal "heie" meg sjølv framover på denne vegen ved å bruke det eg har lært om å jobbe kognitivt!🙂

Tusen takk til henne som gjennom fleire år med sin tålmodighet og standhaftighet lærte meg så mykje om dette, og har hatt trua på at eg skulle komme meg vidare på vegen min!😀

God helg til deg som er innom her og leser!