19. jan, 2016

Livet er eigentleg ganske fint.

Tur i nydeleg vinterlandskap - opp i åsen som ligg bak det som har vore heimen min i snart 20 år. Kaffi på termos. Sette meg ned og såg på den flotte utsikten. Kjente på at livet er eigentleg ganske fint. 🙂

Å leve med ei psykisk helse som kan svinge mellom totalt mørke og lysande livsglede er ikkje lett. Men 'du verden' så mykje ein kan lære av det - og kor mykje mental styrke ein kan byggje opp.😉

Eg sat på toppen av åsen og kjente på at livet er eigentleg ganske fint, sjølv om kvardagen min ikkje er slik som eg skulle ønskje den var. Men no, når eg kan kjenne at livet er eigentleg ganske fint, så kan eg også sjå framover med håp og forsiktig optimisme. Eg har ressursar i meg som eg ønskjer å ta i bruk. Og det kjennes ut som at eg skal greie å byggje 'heile meg' opp igjen, slik at eg kan få den kvardagen eg ønskjer meg.🙂Eg trur på at det er håp. Det gjer eg.🙂