18. jan, 2016

Ny erfaring med tankens makt.

I dag har eg gjort meg ei ny erfaring. I teorien var den ikkje ny, men å utføre i praksis og faktisk få ønskeleg resultat, var nytt for meg.😉

Smerte og verking i ankel og kne har teke mykje av merksemda mi i dag, og har gjeve ei kjensle av indre stress og dårlig humør. Og det igjen har gjort at eg har hatt lite initiativ. Etter ein ganske lang og litt tung gåtur i snøen i går, var ankelen tydeleg hoven i dag, og eg gjorde ei vurdering på at den hadde behov for ein fridag frå gåtur. Eg har prøvd så godt eg kunne med tøying og strekking for smertelindring. Men til slutt var liksom all fokus på ankel, kne og 'vondtene' - på ein negativ måte. Og det var då eg måtte "tenke nytt" - fordi det å komme meg ut og gå har blitt den beste avledningsmetoden for meg, den beste måten å flytte fokus på. 

"Greitt, Wenche! Du veit at det er mulig å styre tankane over på andre ting når det negative "kverner" i hodet."

Så eg utfordra meg sjølv: Stopp! Slutt å tenk på at det verker! Ikkje la det vonde beinet få meir merksemd! Nok no! Finn på noko å gjere, slik at tankar og merksemd må over på noko anna!

Og noko så enkelt som ein runde med lesing i nettaviser var til god hjelp. Enkelt i den forstand at det berre er å surfe på PC'en. Vanlegvis får eg ikkje til å konsentrere meg om slikt når 'vondter' er av såpass styrke som i dag. Men eg trur at grunnen til at det fungerte betre i dag enn før, er at eg var bevisst på at no har eg teke eit valg om at PC og nettaviser skal ha merksemda mi.

EG tok eit VALG om kvar mi merksemd skulle vere!