13. jan, 2016

Ut og gå på tur med intens hodepine? Eg prøver. Det er ingen skam å snu.

Dårlig start på dagen. Våkna med migreneliknande hodepine.... 😥 På planen min stod det ein turavtale saman med ein god støttespelar. Valg av turløype hadde me også avtalt på førehand. Eg møtte opp til avtalen med tvil om at eg ville greie å gjennomføre avtalt turløype, men bestemte meg for å begynne å gå og heller snu dersom det vart for slitsomt. Og korleis gjekk det? Jau, det skal eg fortelje. Me gjekk heile turløypa, og var ute i til saman to og ein halv time! 🙂Hodepinen var med på heile turen. Men det som skjedde var at når eg fekk vere ute i naturen og gå og samtidig ha turfølge å prate med, så fekk ikkje hodepinen oppmerksomheten. Fokuset mitt vart retta mot heilt andre ting, og då kjentes hodepinen litt mindre intens. 🙂👍Og sjølv om hodepinen framleis "bankar" no etterpå, så gav turen meg påfyll av mental energi. Og med auka mental energi, vert toleransegrensa for smerte også høgare. 👍Slik er det for meg i allefall.🙂

Takk for turen! 😀 Eg kan seie meg nøgd med eigen innsats, og med dagen generelt!