12. jan, 2016

MÅ alle alltid "berre hoppe i det?"

"Du må komme deg opp i sadelen igjen!"

"Du må berre hoppe i det!"

Nokon som har høyrd desse orda? Dette er uttrykk som gjerne vert brukt som velmeinte råd. For nokre av oss kan det fungere. For nokre av oss kan det vere eit slikt "puff" som får oss gjennom utfordringar og vanskar. MEN....! Det er lov å tenke seg litt om før ein bruker slike uttrykk, uansett kor velmeint det måtte vere. Velmeinte råd kan også virke mot sin hensikt. Å gje velmeinte råd på ein måte der ordet MÅ vert brukt, kan gjere ein vanskeleg situasjon enno vansklegare for nokre mennesker. Å gje velmeinte, men litt strenge, råd til mennesker som er i ein situasjon der dei ikkje er mottagelig for det, kan rett og slett vere øydeleggjande. Eit menneske som blir fortalt at "du må" og sjølv kjenner at dette greier eg ikkje, vil føle seg liten, utilstrekkelig og mindreverdig.

"Kunnskap er å vite HVA du skal si. Visdom er å vite NÅR du skal si det."

Og forresten... MÅ alle "opp i sadelen igjen?" 🤭 MÅ alle "hoppe i" utfordringar og situasjoner som er vanskelege og angstfylte? 🤭 Dersom eit menneske kan finne måtar og løysingar på å leve livet sitt utan å måtte opp i sadel eller hoppe i både det eine og det andre, har me då rett til å fortelje det mennesket at "du MÅ"....? Eg syns ikkje at me skal gjere det for einkvar pris. Alle mennesker har rett til å ta sine egne valg - også om dei tek valg som fell utanfor det som vert oppfatta som normalen. Så lenge valget ikkje skader andre, er det lov å ta valg som fell utanfor det som vert oppfatta som normalen.

Me skal ikkje slutte å gje velmeinte råd og stille opp for kvarandre. Men kanskje me av og til skal tenke oss litt om, tenke litt over kva for ord me brukar, korleis me snakkar til eit menneske som har det vanskeleg? Rett og slett trå litt forsiktig? Me skal ikkje slutte å bry oss, slutte å gje råd og hjelp. Eg ønskjer berre å få fram at nokre mennesker kan leve livet sitt greitt nok, sjølv om dei ikkje gjer alle dei tinga som vert oppfatta som normalt. 

Normalt, unormalt, avvik - menneskeverd har alle. Og av og til MÅ me faktisk respektere at det finnes mennesker som velger å leve livet sitt på ein annan måte enn det me kaller for normalt. Er det noko me MÅ, så er det nettopp det.😉 Det meiner i allefall eg.🙂