10. jan, 2016

Det er fint å finne ro til å gjere ingenting.

Det er fint å ha ein dag der ein kan finne ro til å gjere ingenting.

Det er fint å kjenne at ein har ro til kvile og avslapping.

Det er fint oppleve at både tankar og kjensler er litt i ro, slik at det er mulig å vere i ein her-og-no-tilstand. Lytte til musikk som ein likar, utan at alle mulige slags tankar spinner rundt og drar ein inn i uhensiktsmessig grubling.

Det er fint å finne ro til å berre vere, og kjenne inni seg at her og no har eg det bra. 🙂