5. jan, 2016

Valg - konsekvens.

Diverse gjeremål og ærend på dagtid i dag, og eg såg at eg ikkje ville rekke å komme meg ut på tur før kvelden og mørket kom. Når eg sat i bilen og køyrde heimover, laga eg ein plan i hodet mitt om at eg skulle ta meg ein kveldstur langs vegen.

Det vart ikkje sånn. I kveld vart det kjensla av å vere veldig trøtt som gjekk av med seieren.... Og eg må innrømme at det kjennes ikkje noko bra. Eg kjenner at humøret er annleis enn dei dagane eg går på tur. Det er heller ikkje første gongen eg har denne opplevinga. Eg har fått nokre erfaringar på at eg kjenner meg meir tungsindig på dagar utan turgåing. Eg må berre erkjenne at sånn er det.

Av og til vert det sånn at me velger vekk det som me eigentleg veit vil vere det beste valget. Det er greitt. Det er greitt at det vert sånn av og til. Men då må me godta konsekvensen av valget.

Så i kveld betyr det for meg, at eg må finne meg i at eg kjenner meg utilfreds og tungsindig. Eg har sjølv tatt eit valg som har ført meg inn i dei kjenslene. Det er mitt valg. Eg må ta konsekvensen og godta at eg kjenner det sånn.