3. jan, 2016

Sjølvutvikling.

Eg las ein gong eit ordspråk om definisjonen på sjølvutvikling:

"Selvutvikling er når man vikler seg selv ut av noe man har viklet seg inn i."


Det er kanskje humoristisk meint. Men likevel... Det er vel sånn det er? 

Tankane våre har stor makt over oss. I tankane våre kan me lage forestillingar om kva som kan eller ikkje kan skje. Og det er dessverre slik for mange av oss (kanskje dei fleste?) at me er best på å lage forestillingar om det som kan bli negativt. Tankane kan lage så dramatiske forestillingar at det til slutt kan kjennast som om at "dette vert fullstendig katastrofe." Katastrofetankar.... Det som i utgangspunktet eigentleg ikkje var ei uoverkommeleg utfordring eller oppgåve, har blitt til ein katastrofe - inne i hodet vårt - og dermed vert det ei uoverkommeleg utfordring. Det vert eit hinder, som stenger for muligheten til å kunne oppleve noko.

Dersom dette vert til eit mønster, at det vert heilt vanleg for eit menneske å la tankane få lov til å lage negative forestillingar og setje opp hinder, vert det til slutt ein automatikk i det. Det vert automatiske tankar som slår inn med èin gong det mennesket møter noko som er nytt - noko ukjent som det mennesket ikkje veit om det greier å mestre. Til slutt har dette mennesket vikla seg heilt inn i dette negative tankemønsteret, og mentale hinder skaper begrensningar for sosial deltaking i samfunnet. Dette mennesket vil gå glipp av så mykje bra og kjekt som finnes "der ute", og kan ende opp med ein utilfredsstillande livskvalitet.

Og det er då at dette med sjølvutvikling kjem på bana. Dersom ein ønskjer noko meir ut av livet sitt, må ein ta jobben med å vikle seg sjølv ut igjen av uhensiktsmessige tankemønster. Og det er mulig å få til. Det veit eg, fordi eg sjølv har fått det til på ein del områder, og eg er på veg til å få det til på enno fleire områder. Eg har trent og trent meg framover og ut av tankemønster, og eg trener framleis. Eg trener meg vidare framover på vegen min. Og eg er ganske sikker på at for dei aller fleste er det mulig å få til. Men då må ein vere villig til eigeninnsats, vere villig til å gjennomgå mentale treningsøkter. Det kan vere tøft og tidkrevjande. Det kan vere mange "to-steg-fram-og-eitt-steg-tilbake"... Men med trening er det mulig å få det til. Trening, repetering og gjerne nokon som kan hjelpe, støtte og motivere - då er det mulig å få det til, for dei aller fleste av oss. Det trur eg på.🙂

"Selvutvikling er når man vikler seg selv ut av noe man har viklet seg inn i."