1. jan, 2016

Eg er mentalt klar til å setje avgårde inn i det nye året.

Den første dagen i eit nytt og ubrukt år. Eg har lagt bak meg eit ganske krevande år. Det har vore eit år med store svingningar og kontrastar i stemningsleiet. Frå håp, pågangsmot og optimisme til skuffelse, oppgitthet og pessimisme.

Ikkje heilt optimal start på det nye året, med infeksjon og antibiotika. MEN.... på det mentale planet føler eg meg klar til å ta fatt på det. Eg kjenner at eg har pågangsmot og vilje til å ta ein "restart". Eg kjenner at eg har pågangsmot og vilje, og ikkje minst, lyst til, å ta grep om tilværelsen min. Eg føler meg klar for å ta utfordringa med å finne vegen tilbake til arbeidslivet.

Når eg våkner opp til denne nye dagen og allereie før klokka er 10.00 kjenner at eg har lyst til å komme meg ut og gå på tur i dag, sjølv om den fysiske helsa er noko prega av sjukdom....? Eg velger då å konkludere med at eg er mentalt klar til å ta sats og setje avgårde inn i eit nytt år. 🙂