30. des, 2015

Oppsummering og refleksjonar mot slutten av året 2015.

Me nærmar oss starten på eit heilt nytt år. Året 2016 ligg framfor oss, nytt og ubrukt og med muligheter. For mange er det vanleg å bruke denne anledninga til å setje seg nye mål. Mål om å gjere endringar til det betre i livet sitt. Veldig ofte handler det om å gjere noko for å ta betre vare på helsa si. Det kan vere mål om røykeslutt, mål om å ete meir sunn mat og mindre usunn mat, og mål om å begynne å trene.

Det er mykje fokus på kor viktig det er for helsa å trene og vere i fysisk aktivitet. Og det ER viktig. Kroppen vår treng å få vere i aktivitet. Dersom det vert for lite fysisk aktivitet, vil det setje sine spor i form av plager og smerter. Me kan like det eller ikkje, men sånn er det faktisk. Kroppslige plager og smerter kan sjølvsagt komme uansett, men med riktig trening og aktivitet kan ein i dei aller fleste tilfelle få til å fungere greitt nok med dei plager og smerter ein har.

Men trening handler ikkje berre om kroppen og det fysiske. Mental trening og psykisk trening er også viktig! For det er faktisk mulig å trene seg opp mentalt og psykisk også. Det er mulig å lære seg teknikkar for å ta meir styring over negative og vonde tankar som "triggar" og vedlikeheld vonde kjensler. Men på samme måte som ein velger å setje seg mål om fysisk trening, må ein faktisk ta eit valg om at dette VIL eg. Eg VIL lære meg å ta meir styring over det indre livet mitt.

Eg vil på ingen måte bagatellisere det å ha psykiske helseutfordringar! Eg veit veldig godt korleis det er, og eg veit veldig godt at det slett ikkje er lett å ta valget og utfordringa med å ta meir styring og kontroll over tankar og kjensler.

Eg har hatt psykiske helseutfordringar i nesten heile mitt vaksne liv. Eg var 28 år då den psykiske helsa mi fekk ein alvorleg brist. Og når me no snart starter på det nye året, går eg inn i mitt 48. år i livet. Det har vore mange tøffe tak. Det har vore mange tøffe kampar. Det har vore mange nedturar. Men det har også vore mange gode periodar! Og eg har lært veldig mykje, både om meg sjølv, men også om det å vere menneske generelt og om livets ulike utfordringar. Og eg har trent. Verkeleg trent mentalt og psykisk. Eg har hatt fleire gode hjelparar med meg på vegen. Men eg har etterkvart forstått at eg faktisk har gjort ein iherdig innsats sjølv. Det hadde ikkje nytta med all verdens hjelp dersom eg sjølv ikkje var villig til å ta den utfordringa det er med mental og psykisk trening.

"Det er din veg. Berre din. Andre kan gå den med deg. Men ingen kan gå den for deg." (Rumi)

Når livet vert vanskeleg og psyken vår sviktar, må me faktisk gå i oss sjølve og kjenne på "kva er det eigentleg eg vil? Er eg villig til å ta i mot hjelp, og lytte til menneske som kan hjelpe meg fram på vegen?" For sjølv om det ofte kan kjennes som ei heilt umulig og uoverkommelig oppgåve, så har me eit valg. Me har alltid eit valg. Og det kan ingen andre gjere for oss.

Eg seier ikkje at det er lett. Og eg veit. Eg veit verkeleg kor vanskeleg og umulig det kan kjennes som. Eg veit kor vanskeleg det kan vere å komme fram til avgjerda om å velge at "Okei..! Eg VIL kjempe. Eg VIL trene mentalt og psykisk. Eg VIL få til å mestre det indre livet mitt betre. Eg VIL at livet mitt skal bli betre."

Intellektet i oss kan vere fullstendig klar over kva som er det beste valget, men likevel kan det vere frykteleg vanskeleg å bestemme seg for å ta det endeleg valget. Ting Tar Tid.

Nokre treng lang modningsprosess for å kunne ta valget. Andre kan vere meir klare til å berre gjere det. Me er ulike, og me opplever og takler livets små og store utfordringar ulikt. Og verken det eine eller det andre er feil. Det finnes ingen fasit på kjensler. Kjensler er subjektive. Det som er min realitet kjenslemessig, vil kanskje vere vanskeleg for andre å forstå. Men det er det som er min realitet. Og det som er eit anna menneske sin realitet kjenslemessig, vil kanskje vere vanskeleg for meg å forstå. Men det er det som er vedkommande sin realitet. 

Me kan ikkje alltid forstå kvarandre, men me kan respektere kvarandre. Eg kan respektere at du har din realitet, sjølv om eg har vanskar med å forstå den. Og du kan respektere at eg har min realitet, sjølv om du har vanskar med å forstå den.

Me må strebe etter å kunne vise respekt. For å få respekt, må me også vise respekt.

Me er alle like verdifulle menneske, og me har alle krav på å bli respektert.

"Intet menneske er mer verdt enn deg. Men intet menneske er mindre verdt enn deg heller." (Stellan Skarsgård)

Og med det ønskjer eg at året 2016 kan bli så bra som mulig, både for meg og for deg som følger meg på denne heimesida.🙂

Godt nytt år.