29. des, 2015

Endelig klar for trim/treningstur igjen!

Etter ein periode med rolig og forsiktig turgåing på grunn av vonde bein, ville eg prøve meg på ein trim/treningstur med høgare tempo og intensitet i dag. Rask gange i 55 minutt = ei veldig positiv oppleving!👍😀Det føltes verkeleg godt å kunne gå med meir kraft og kjenne at kroppen var med på det.😀Eg har ingen faglig kunnskap om dette med at fysisk aktivitet og trening utløyser endorfiner som påvirkar "humørsenteret" i hjernen på ein positiv måte. Men med den erfaringa eg sjølv har fått, er eg ikkje eitt sekund i tvil om at det er riktig! Og akkurat i dag var dette kanskje enno meir framtredande for meg. Eg merka heilt tydeleg at kjensla av glede vart større, nesten minutt for minutt, etterkvart som eg gjekk meg varm. Det er heilt sant, altså!

Eg er veldig glad og takknemlig for at eg i fjor haust hadde nokre støttespelarar som motiverte meg og fulgte meg framover på vegen mot å bli glad i å vere i fysisk aktivitet, og spesielt dette med å finne glede i å vere ute i naturen og gå turar.👍😀Tusen takk for det!😀