27. des, 2015

Ut på tur med litt sjukdom i kroppen? Ja, det skal eg!

Ei kraftig forkjøling herjer i kroppen, på femte dagen no. Og formen min har naturleg nok vore ganske så redusert desse dagane. Men i dag var det berre nok! Både behovet for og lysta til å komme meg ut og gå ein tur, var så sterke at eg tvinga kroppen min til å vere med på det!😉

Det vart ein kort tur langs "flate" vegen, og det var noko tyngre enn det pleier å vere når eg går der ellers. Men eg kom meg både fram og tilbake utan å bli heilt "sprengt."🙂

Eg kan ikkje seie at forkjølinga mi vart noko betre av ein tur ut i frisk vinterluft. Men eg kan heller ikkje seie at den vart noko verre.😉Og sånn i det store og heile gjorde det meg berre godt!