26. des, 2015

Det er fint å oppleve mestring.

Det er fint å oppleve mestring. Det er alltid kjekt å få til noko som ein ikkje har fått til før - å utføre og få til ei konkret handling kjennes bra. Men det å få til mental mestring, kjennes enno betre. Å oppleve at ein greier å ta styring over negative tankar. Å oppleve at ein greier å skyve dei vekk, bestemme seg for at "Nei! Dette vil eg ikkje tenke på, fordi eg veit at det ikkje har noko nytteverdi for meg!"

STOPP tankane ---> Avledning ---> Eg kan. Eg vil ---> Konkret handling.

Og mi erfaring er at dei aller fleste gongane eg har gjort dette, så vert det eit positivt resultat. Det vert kanskje ikkje alltid den "heilt store" positive opplevinga ut av det. Men uansett -  det å ta styring og bestemme seg for eit anna fokus gjennom avledning, hindrer meg i å bli fanga i grubling som vil påvirke stemningsleiet i negativ retning. Av og til er det det eg får til, og det er bra nok! Det er mestring! Andre gongar får eg til enno meir. Eg får til å velge avledning i form av ei konkret handling som vert til ei positiv og god oppleving.🙂

Det er alltid fint å kjenne på kjensle av mestring, enten det er i form av å få til ei konkret handling eller det er å mestre sitt eige indre liv.👍