23. des, 2015

Jul og julefeiring

Jul og julefeiring har gjerne litt ulik betydning for oss. Det er ikkje alle som har like sterk tilknytning til det religiøse budskapet som jula eigentleg handler om. For nokre er dette budskapet viktig, medan andre kanskje har hovedfokus på det menneskelege samholdet og samværet som jula bringer med seg. For sjølv om det religiøse budskapet ikkje er like framtredande for alle, så gjer julehøgtida noko med oss. Julehøgtida rører ved kjensler i oss, kjensler som gjerne ikkje får så stor plass i kvardagslivet. Julehøgtida får fram ein godhet i oss. Ein godhet som me kan dele med våre nære og kjære. Jula gjev meir rom for å både gje og få. Ikkje berre julegåver, men også det å kunne gje og få tid og godhet - tid til kvarandre, tid til å vere saman, dele godhet med kvarandre. Viktige verdiar, som det gjerne blir litt for lite av i den travle kvardagen. 

Så uavhengig av kva betydning jula har for akkurat DEG, vil eg med dette ønskje ei god og fredeleg julefeiring for alle. God jul. 🙂