22. des, 2015

Eg kan velge: Passiv eller tydeleg

Det er ikkje alltid så lett å ta ansvar for eigen situasjon - ta ansvar og vere tydeleg på kva ein ønskjer eller ikkje ønskjer. For det første så må ein våge å kjenne etter og erkjenne det for seg sjølv. Og så må ein våge å setje ord på det og formidle det vidare til den/dei som treng å få vite det. For mange kan det vere ei stor utfordring. Det kan kjennes så vanskeleg at ein velger å vere ein passiv part, og håpe at andre til slutt tar ei avgjerd. Men det som då kan skje, er at avgjerda går i ein annan retning enn det ein sjølv faktisk ønskjer.

Så ein må velge:

1. Skal eg avvente og håpe på det beste?

2. Skal eg ta ansvar for eigen situasjon og hente fram mot til å ta den utfordringa det er for meg å vere tydeleg på kva eg ønskjer?

Det handler om å ta valg. Ein kan faktisk velge sjølv - det eine eller det andre. Sjølv om utfordringar me møter av og til kan kjennast uoverkommelige, så har me likevel eit valg. Me kan like det eller ikkje, men me har eit valg. Me kan velge om me vil ta utfordringa eller om me vil la ting berre skje og så får det bli som det blir.......

Å ta mot til seg og bestemme seg for å ta utfordringa, vil i dei aller fleste tilfelle gå mykje betre enn det ein såg for seg på førehand. For det første så får ein erfaring på at "Eg kan!" Og for det andre så kan ein oppnå det ein innerst inne ønskjer.

Utfordring -> gjennomføring -> mestring -> positivt resultat. 👍🤩