22. des, 2015

Ta vare på deg sjølv

Me må ta vare på kvarandre. Men det er også viktig å ta vare på seg sjølv.

"Den beste gaven du kan gi til andre, er personlig utvikling. Før sa jeg: Hvis du tar vare på meg, så skal jeg ta vare på deg. Nå sier jeg: Hvis du tar vare på deg selv for meg, så skal jeg ta vare på meg selv for deg." (Jim Rohn)

 

 

Eg syns dette sitatet er så fint og klokt. Det er viktig å ta vare på seg sjølv for å kunne vere noko for andre. Å jobbe med seg sjølv, strekke seg etter nye mål, få personleg vekst og utvikling og utnytte sine ressursar og sitt potensiale.

Personleg vekst og utvikling = mestring = mental og indre styrke.

Og dette gjer noko med sjølvtilliten. Det gjer noko med sjølvbiletet og kjensla av å ha eigenverdi. Ein bygger opp seg sjølv til å kjenne på meir tryggleik i livet. Og med tryggleik på seg sjølv og i livet, kan ein vere noko for andre.

Men det er sjølvsagt godt å bli tatt vare på av andre av og til. Det treng nok dei aller fleste av oss. Av og til er det godt å kunne føle seg litt "liten og svak" og la andre ta vare på seg. Og det er greitt, så lenge det ikkje vert slik at ein mister seg sjølv og dei ressursane og evnene ein faktisk har til å greie å ta vare på seg sjølv.

Ein del av oss vil oppleve å komme i livssituasjonar der det faktisk er heilt nødvendig at andre tar vare på oss, i kortare eller lengre periodar. Livet kan, på ulike måtar, by på store utfordringar. Og for ein del av oss kan utfordringane bli så store at kjenslene overmannar oss. Store, sterke kjensler greier fint å skyve vekk intellekt og fornuft. Og dersom ein kjem langt "utanfor" kan det for mange vere heilt nødvendig at nokon trer inn og tar vare på ein, og hjelper og støtter på vegen mot å komme seg "innanfor" igjen.