19. des, 2015

Me kan ikkje hjelpe alle, men me kan gjere noko i det små.

Me veit alle at for mange er julehøgtida ei vanskeleg tid. Det er mange som ikkje har nokon å feire jula saman med. Det er mange som lever under forhold der julehøgtida forsterkar det som er vanskeleg og vondt.

Men det hjelper jo ikkje desse om me som har gode opplevingar knytta til jula, går med dårlig samvittighet fordi me har det bra. Det er lov å ha det fint og kose seg med sine nære og kjære. Men kanskje det går an å gjere noko i det små? Ringe til nokon ein veit har det vanskelig, prate litt og vise omtanke og forståing? Kanskje sende nokre gode og støttande ord i ein SMS, ein e-post eller via Facebook? Eller dersom ein møter på eit menneske ein ikkje kjenner og som ser ut til å ikkje ha det så bra, så kan ein "gje vekk" eit smil og eit varmt blikk? Det kan virke som om det er så lite, men for akkurat det mennesket kan det ha ein stor betydning.

Mor Theresa har to fine sitat:

"We shall never know all the good things that a simple smile can do."

"Not all of us can do great things. But we can do small things with great love."