17. des, 2015

Trøtt og sliten mentalt og fysisk, men ut på tur er god medisin.

Eg har forsåvidt vore ein del i aktivitet dei siste dagane - aktivitet som har vore kjekk, aktivitet der det har vore mykje sosialt samvær med kjekke folk. 🙂For meg som har vore ute av mitt vanlege kvardagsliv over ein lengre periode, kostar det litt krefter å vere med på slik type aktivitet. Men det er likevel absolutt verdt det! Og ikkje berre er det verdt det, men det er viktige og nødvendige steg for å finne tilbake til det vanlege kvardagslivet.

Dagen i dag har vore prega av at eg måtte hente inn igjen kreftene, så eg har brukt den til nødvendige gjeremål i heimen i tilpassa tempo.😉Når klokka nærma seg 19:30 kjente eg at både hode og kropp var tunge og slitne, og eg var så trøtt at eg tenkte at eg kunne ha sovna ståande..... 😉Men...likevel....eg følte faktisk behov for å komme meg ut og gå ein tur, ein skikkelig god tur der eg kunne få ta meg ut litt! Ein liten antydning til tankar som meinte at eg var for sliten....

Men: "Stopp! Kle på deg og kom deg ut!" Ferdig tenkt! Så på med gode klede, hodelykt og refleksvest, ut i kveldsmørket og eit skikkelig regnvèr, og avgårde med meg. Det vart tur langs vegen sidan det var både mørkt og vått, og eg valgte ein veg der eg fekk litt oppoverbakkar å "bryne meg" på. Raskt, jevnt tempo, litt opp og litt ned i 50 minuttar. Det var friskt og godt å gå. Og etter å ha komme inn igjen, kjenner eg at det gjorde meg veldig godt! Den trøttheten eg kjenner no, er heilt annleis enn den eg kjente på før eg gjekk ut. Eg er meir avslappa, og trøtt på ein behagelig måte.🙂