16. des, 2015

Utfordring og gjennomføring = mestring og fridomskjensle.

Eg hadde tatt ei avgjerd. Ei avgjerd om å utfordre meg sjølv....verkeleg utfordre meg sjølv. Eg skulle utfordre meg sjølv til å gjere noko som eg ikkje har våga å gjere dei siste 10-12 åra, fordi eg i tankane mine hadde sagt til meg sjølv at dette mestrer du ikkje, det blir for skummelt.

Eg hadde tatt ei avgjerd om å utfordre meg sjølv, og eg tok utfordringa. Eg gjorde det som eg hadde sagt til meg sjølv i over 10 år at eg ikkje mestra lenger. Resultat? Eg greidde det! Og ikkje berre greidde eg det, det gjekk faktisk veldig bra.Kul 

Eg tok utfordringa og eg greidde det veldig bra = kjensle av mestring og fridom!LikerVill

Og denne mestringa leda meg direkte inn i ei ny utfordring, som eg valgte å "gripe med begge hender." Resultat? To fine dagar saman med eit menneske som eg har kjent nesten heile livet, men som eg ikkje har sett så ofte fordi eg har lagt begrensninger for meg sjølv med å tenke at eg ikkje mestrer.

Og no, etter å ha fått til dette, kan eg faktisk ta til meg at dette er rimelig stort etter min målestokk. Eg kan seie "Godt jobba, Wenche!" og vere fornøgd med meg sjølv. Kanskje til og med litt stolt over meg sjølv.Vinker