12. des, 2015

Ferdig med siste side i boka.

Med blanda kjensler konstaterer eg at eg er ferdig med siste side i ei av livets bøker. Det er den gode følelsen av utvikling, mestring og tru på seg sjølv. Men så er det også litt trist å vere ferdig med ei bok som har tilført meg så mykje lærdom, inspirasjon og motivasjon.

Men sånn er det. Det er tid for å legge den boka til side. Og sånn er det med mange ting i livet. For oss alle. Det kjem ei avslutning, og med avslutningar kjem det kjensler. Det er greitt, og det er normalt.

Ting som endrer seg kan kjennes vondt, sjølv om endringa betyr at noko har blitt betre. Og ting som endrer seg kan kjennes godt, fordi det er eit teikn på framgang og mestring.

Blanda kjensler.... Ja. Men det er ikkje farlig. Det er greitt, og det er normalt.