11. des, 2015

Det er nyttig å ha ein plan B.

Det skjer rett som det er at ting ikkje går heilt etter planen. Som t.d. at ein planlagt aktivitet av ulike grunnar ikkje blir noko av. Det er lett for at ein då velger passivitet i stadenfor å erstatte den planlagte aktiviteten med noko anna. Det kjenner eg veldig godt til.😉

I dag vart det sånn at eg ikkje kunne vere med på ein aktivitet som stod på planen min. Men heldigvis (ja, eg seier heldigvis og meiner det òg!) så kunne eg velge å ta meg ein tur i skogen i stadenfor.👍Og som alltid, kamera hadde eg med meg. Men i dag innførte eg også noko nytt i turen. Eg tok med meg litt mat og drikke i ein liten tursekk, sjølv om turen eg ville gå er ein kort tur. Men det er noko med det å sitje ute i naturen og ta seg ein liten matbit. Det blir ei heilt anna matoppleving enn å sitje heime ved kjøkkenbordet eller framfor TV og ete.

Som sagt; turen i dag var kort i seg sjølv, og det at eg valgte å ta med litt mat og drikke, handla mest om å få den gode opplevinga av å ete ute. Eg sette meg ikkje til for å ete meg "stappmett", liksom.😋 Nokre bitar av eit ferskt ostehorn og litt drikke var nok til å kjenne at det gjorde meg godt. 👍

Den turen eg valgte i dag har eg gått mange gongar. Eg har fotografert mykje i den turløypa. Men det som er så fint med å gå tur i skog og mark, er at det er uendelige muligheter til å finne nye motiv og nye vinklar å fotografere frå, sjølv om ein går samme turen om og om igjen!

Ein tur som er kort i avstand i dag, altså. Men eg var likevel ute i turløypa i nesten to timar, og det gjorde at eg fekk ein fin avslutning på veka og ein god start på helga.🤩