10. des, 2015

Når håpløyse vert til håp igjen.

Det er fint når ein kan kjenne på ein indre balanse, når kjensler i berg-og-dal-bane legg seg litt meir til ro, og ein får nøste opp nokre av dei lause trådane som tankane har vore prega av. Håpløyse vert til håp igjen. Håpet kan ha fleire funksjonar. Å ha eit håp om noko kan vere til trøst. Å ha eit håp om noko kan vere til glede. Å ha håp om noko kan gje energi og nye krefter.

Når ein har håp, får ein meir lyst til å "stå på." Ein får meir lyst til å kjempe seg framover, fordi håpet lyser opp det som ligg i vente. Håpet lyser opp det som ligg framfor ein. Ein får lyst til å nå fram dit, fordi det ser ut til at det er ein god stad å vere.🙂