Eg fekk gevinst denne gongen også.
Trøtt, tung i kroppen og kjensle av å vere fullstendig tom for energi. Men så har eg jo fått SÅ mange erfaringar på at dersom eg berre greier å overvinne "dørstokkmila", komme meg ut og begynne å rusle litt, så har eg faktisk energi nok til å gå ein tur. Og ikkje berre det; dersom eg kjem meg ut på ein tur, er det veldig stor sannsynlighet for at det vil gje meg påfyll av energi.
Så: "Stopp! Ikkje tenk og ikkje kjenn etter, Wenche! Kle deg og kom deg ut!"
Og det gjorde eg!👍
Dagens turmål vart Kvassnesstemma Friluftsområde. Med kamera i handa gjekk eg i området der i godt over èin time.
Skiftande vèr gjorde det til ein fin og forfriskande tur.
Og eg fekk gevinst denne gongen også: eit løft i stemningsleiet, ro og avspenning og litt meir energi.👍🙂
Det fungerer! Heilt sant! Det kan riktignok ta litt tid før ein får den gode og positive opplevinga som det å gå seg ein tur kan gje. Men om ein ikkje gir opp og greier å gjennomføre det nokre gongar, vil ein etterkvart merke at ein får gevinst.🙂