2. des, 2015

Å, jul med din glede.

Me har gått inn i adventstida og starta på julemånaden. Samfunnet fløymer over av julelys, juleglede og julekos. Og for mange er dette ei fin og god tid. Det er ei tid som gjer noko med oss. Det gjer noko med kjenslene våre. I førjulstida er det meir fokus på samvær og samhold. Det er meir fokus på å ha det fint og godt og dele glede med menneska rundt seg. Førjulstida gjev kjensle av fellesskap. Me prater om jula dagleg. Me klager litt på stress og styr med juleførebuingar og julehandel. Foreldre med born i småskulealder klager litt på alle juleavslutningar som borna skal delta på. Men i det store og heile er førjulstida ei tid med forventning og glede saman med dei menneska ein har i livet sitt.❤

Men det er ikkje alle som opplever førjulstida som ei fin og god tid. Mange syns at dette er den mest vanskelege tida på året, både blant vaksne og born. 

Det er mange, som av ulike grunnar, er heilt åleine i livet sitt. Det er mange som sit i heimane sine, heilt åleine. Dei har ikkje nokon nære menneske i livet sitt. Og så er det ein del som ikkje har ein heim i det heile tatt. Dei ser at samfunnet fløymer over av julekos. Men for desse menneska er ikkje dette julekos. Det er ikkje koseleg med alt dette når dei ikkje har nokon å dele det med.

Og så er det dessverre altfor mange born rundt omkring som gruer seg gjennom heile førjulstida. Det er born som gruer seg fordi det i altfor mange heimar vert drukke altfor mykje alkohol i julehøgtida. Det er born som gruer seg fordi det er mange familiar som har dårleg økonomi. Det er born som gruer seg fordi dei må delast mellom to foreldre som ikkje lever saman lenger. Det er dessverre altfor mange born som gruer seg til jul.....

Livet kan opplevast urettferdig, både for vaksne og born. Og livet er mange gongar urettferdig. Dessverre.

Eg syns at me som har nære relasjonar rundt oss og som lever under slike forhold at me kan ta del i det som er fint med førjulstid og julefeiring, kan rydde litt plass i oss sjølve til å hugse på at førjulstid og julehøgtid ikkje er fin og god for alle. Det er det minste me kan gjere - erkjenne det og ta oss tid til la det få ein liten plass i tankane våre i løpet av adventstid og julefeiring.

Det syns eg at me kan gjere.