28. nov, 2015

Wenche vs Tungsinn 1-0.

Ut på tur! I dag var det ein av dei dagane der eg verkeleg måtte jobbe med meg sjølv for å komme meg ut. Tankane mine hadde ein intens debatt - tankar for og i mot å gå. Til slutt var diskusjonen eit einaste kaos av tankar, og eg måtte berre "skjere gjennom!"

STOPP! Ikkje tenk meir! Berre gjer det!

På med gode turklede, og avgårde med meg! Og akkurat sånn som eg innerst inne visste; det var fint, og gjorde godt å komme seg ut og gå.

*Wenche - *Tungsinn  1-0 👍🙂