27. nov, 2015

Eg orkar ikkje, fordi... STOPP!

Tilbod om bassengbading i dag. Negative tankar og grunnar til at eg skal la det vere fyller hodet. Men eg veit jo..... Eg veit at det er veldig stor sannsynlighet for at det berre er positivt for meg å gjere det, og at det kan vere med på å gjere resten av dagen min betre.

Når tankar og kjensler er så farga av "eg orkar ikkje", vil det vere så lett å berre la dei få bestemme. Det er krevande å heve seg over dei og komme seg avgårde når dei tar så stor plass.

STOPP! Berre stopp, tankar! 

No skal eg tenke på noko heilt anna fram til det er tid for å gå i bassenget! No skal eg tenke på noko heilt anna - fordi eg KAN. Eg kan velge å styre tankane mine mot noko heilt anna. Det kan eg, og det skal eg greie!