25. nov, 2015

Livet går opp og ned for oss alle. Men det er ikkje likt for alle.

"Det er helt greit at livet er som en berg - og dalbane, så lenge man ikke blir sittende fast i en loop."

Joda. Livet går opp og ned for oss alle. Men det er likevel ulikheter. Det er ulike grader av opp- og nedturer.

Når ein er nede, kan det vere vanskelig å tenke seg at det snart vil gå oppover igjen. Eller...med intellektet sitt kan ein kanskje greie å tenke seg det. Men når ein er nede, er det gjerne slik at det er kjenslene som styrer. Kjenslene overstyrer intellektet. Ein kan føle at ein ikkje har krefter til å tenke seg oppover igjen - ikkje har krefter til å ta nødvendige grep for å komme seg oppover igjen.

Når ein er nede, kan det opplevast som at alle fargar er borte vekk. Ein veit at fargane er der, men ein når dei ikkje. Når ein er nede, kan ein føle seg så sliten og trøtt at ein helst berre vil kvile og sove. Det er vanskeleg å finne rett balanse mellom behov for ro og kvile og det å ta grep for å komme seg oppover igjen. Det er viktig å prøve og ha litt struktur og planar for dagane. Men det er også viktig å lytte til den delen av seg som trenger ro og kvile. Balansegangen er vanskeleg.