20. nov, 2015

Litt er betre enn ingenting.

Ut på tur i nydeleg haustvèr i dag👍Ein kort og roleg tur i flotte omgjevnader. Tur- og treningsambisjonane mine er gradert ned litt, i allefall for ein periode, fordi kroppen krever det. Den seier i frå når det begynner å røyne på, og det er i grunnen fint at den gjer det. For det betyr at eg kan vere i aktivitet, så lenge eg tilpasser belastningsnivået og lytter til kroppen når den begynner å gje beskjed.Og sjølv om eg ikkje får direkte treningseffekt av turane mine i ein periode, så er det uansett godt for meg å få vere ute i naturen. Det er absolutt ingen tvil om at det er godt for den psykiske helsa mi!👍Etter at eg starta opp for alvor med turgåing fleire gongar i veka, trur eg at eg kan seie at kvar einaste tur eg har gått i løpet av det siste året har gitt stemningsleiet mitt eit løft.😀👍