16. nov, 2015

Det er lov å vere blid...Det er også lov å vere sur og sint.

"Tenk positive tanker. Si positive ord. Gjør positive handlinger og det positive gror."

Joda. Eit fint ordspråk, dette. Og ikkje usant. Men i enkelte tilfelle er det faktisk ikkje lett. Når ytre faktorar påvirkar deg - ytre faktorar som du (i allefall på kort sikt) ikkje har nokon som helst mulighet til å gjere noko med - ytre faktorar som faktisk heilt konkret begrenser livskvaliteten din - begrenser livskvaliteten på ein måte som gjer at du ikkje KAN gjere noko særleg av positive handlingar....Då er det ikkje lett å "tenke positive tanker og si positive ord"...😉 Og det er faktisk heilt greitt! Det er heilt greitt å føle at livet går i motbakke. Det er heilt greitt å vere litt "sur og grinete", kanskje til og med synast litt synd på seg sjølv, berre ei lita stund?😉 Det er lov å ikkje ha lyst til å tenke positivt på den måten som visstnok er ein uskriven regel i samfunnet vårt. Det er lov å ha dårlige dagar. Men det som er viktig, er å ikkje bli verande i den stemningen. Det er viktig å finne måtar å komme seg ut av det igjen på. Og ein må vere bevisst på det: "I dag har eg ein dårlig dag, og det er greitt. Eg vil ikkje bruke energi på å "tenke positivt!" Eg godtar at eg har ein dårlig dag. Det kjem til å gå over."👍

Mi erfaring er at det er betre for meg å godta dårlige dagar og ikkje bry meg om forventningar om å alltid "sjå lyst på livet", enn å bruke massevis av energi på å leve opp til ein uskriven regel i samfunnet. Eg kan ta smilet på og oppføre meg fint og høfleg mot andre dersom situasjonen krever det. Men på dårlige dagar finn eg det best å halde meg litt for meg sjølv, og leve med at sånn har eg det i dag.

"Eg har ein dårlig dag, javel! Men eg takler det og eg greier meg! I morgon er det kanskje heilt annleis igjen."

"Det er lov å vere blid"...heiter det i ein songtekst. Men, veit de? Det er lov å vere sur og sint òg😠 Så lenge ein veit at det er forbigåande, og det ikkje går ut over nokon andre.