14. nov, 2015

Verda er gal....Er eg utakknemlig?

Våknar opp til nyhende om terrorangrep i Paris.... "And I think to myself, what a....crazy world." (fritt oversatt etter Louis Armstrong)

Ettertanke - perspektiv på livet...Men likevel; Det er lov å ha sine eigne livsutfordringar. Det er lov å synast at eige liv kan vere tungt og vanskelig. Det er lov, utan å få dårlig samvittighet.

Terrorangrep er ufattelige tragedier, og gjer noko med oss. Men som enkeltindivid - du og eg, her og no - så vert ikkje våre livsutfordringar borte sjølv om andre menneske opplever noko så tragisk som eit terrorangrep av enormt omfang.

Me deler sorga med dei som er ramma. Me har medkjensle med dei. Me forstår kor tragisk dette er.❤

Men...for å bruke ein veldig forenkla måte å skildre det på; Det hjelper ikkje verda der ute at menneske som har personlige livsutfordringar drukner seg sjølv i dårlig samvittighet for sine "greier" berre fordi at det er så mange andre som opplever mykje vondare og vanskligare ting.