12. nov, 2015

Motbakke - no igjen!?!

Så var den der igjen, ein av livets motbakkar. Det er lett for å miste motet når du møter på den; "Neiii, ikkje endå ein bratt bakke! No hadde eg jo komme så godt i"siget" - funne ein god veg å gå på, ein veg som passa for meg og mitt tempo. Eg hadde byrja å finne ein god takt i stega."

Frustrasjon, sinne, fortvilelse - "Det skal no ALLTID vere noko! No gidd eg berre ikkje meir!" Naturlig reaksjon.

Lett for å synke ned i oppgitthet. Naturlig reaksjon det òg. Det er lov å kjenne på skuffelse. Det er lov å kjenne på frustrasjon. Det er lov å kjenne på sinne. MEN - det er viktig at desse kjenslene ikkje får vedvare. Det er viktig å kunne legge dei i frå seg, bli ferdig med dei. Og det kan vere godt å ha nokon til å hjelpe seg med det. Å ha nokon som kan lytte slik at ein får snakke seg gjennom frustrasjon, sinne og fortvilelse.

Og , når det er gjort, kan ein fokusere på å hente fram kreftene i seg. Dei er der inni oss, sjølv om det mange gongar kjennes som at "no har eg ikkje meir å gå på." Ofte er det slik at det er andre som "ser" kreftene våre og kan hjelpe oss til å finne dei igjen.

SÅNN! Negativt fokus er parkert. Krefter og litt overskudd er funne igjen. 

"Okay, din bratte motbakke. Eg er klar. No kjem eg, og eg skal greie å komme meg opp og over denne kneika også!" EG VIL. EG KAN.