10. nov, 2015

Normal. Unormal. Kva er det?

I dag har eg hatt ein prat med min livsveileder.🙂 Og eit spørsmål om ordet 'normal' har fått meg til å filosofere rundt det i etterkant.😉

Kva er normalt? Når noko er normalt, er det innanfor ei forventa norm. Eller....? På ein forenkla måte, kan ein seie at ei norm betyr noko sånt som at "slik gjer me det her." På mange område er ting konkrete og praktisk retta, og normene er gjerne lette å fatte og lette å forholde seg til.

Men kva med oss menneske? Går det an å vere eit normalt menneske? Går det an å vere eit unormalt menneske? Og i så fall; kven er det som kan definere det? Me har jo sjølvsagt reglar og juridiske lover som me må rette oss etter. Lovbrudd gjev konsekvensar. Er eit menneske som bryt lova unormal? Tja... ikkje alltid, tenker eg.🤭

Så har me dei sosiale normene - forventningar til adferd i bestemte situasjonar. MÅ alle gjere det som er forventa? Er eit menneske unormalt dersom det t.d. velger eit anna antrekk enn enn forventa til julebordet?

Og kva med livet generelt? Kva er eit normalt liv? Kva er eit unormalt liv? Er det slik at den uformelle norma om eit A4-liv (mann,barn, hus og bil) kan definerast som eit normalt liv?  Er eit menneske som velger å leve livet som 'åleinebuar'(som meg😉) eit unormalt menneske? Er homofile unormale? Er menneske som tar valg om at dei ikkje vil ha barn unormale?

Normal. Unormal. Eg trur faktisk at eg ikkje likar desse to orda noko særleg. Eg trur faktisk at eg ikkje skal bruke så mykje energi og tankekraft på desse to orda lenger - ikkje bruke så mykje energi på å sette det eine opp mot det andre, gjere samanlikningar.

Folk må få lov til å ta sine eigne valg for kva slags liv dei vil leve. Me har ingen rett til å dømme menneske som velger annleis enn den forventa norma. Ei forventa norm for livsførsel (og i nokre samanhengar ei forventa norm for adferd) har ikkje noko med verdi som menneske å gjere. Å ikkje følge den forventa norma, gjer ikkje eit menneske mislykka. Slik eg ser det, så er det å vere hovedpersonen i sitt eige liv det som betyr mest. Å vere hovedperson og ta valg som er riktig for kvar og ein. Kvar og ein har rett til å ta sine eigne valg i livet. (men sjølvsagt utan at andre tek skade av det, då😉)