8. nov, 2015

Nye hinder. Kva no?

Det er ikkje kjekt å møte hinder allereie etter kort tid når du har starta på ein ny veg. Og spesielt ikkje når det er ein veg som gav grunn til håp om å nå eit mål der framme. Det skaper mange tankar - mange tankar med spørsmålsteikn bak.....

Er det nok å ta ein kvilepause? Må eg gå ein omveg? Eller må eg faktisk forlate denne vegen og velge ein veg som går i ein heilt anna retning?

Det er vanskeleg å vite kva som er det beste, når hinderet er uforutsigbart. Klare, tydelege hinder er lettare å forstå seg på - det er lettare å lage ein plan for korleis ein kan komme seg over.